Drangedal og Nissedal kommunar, i samarbeid med omstillingsprogramma Driv og Lyft Nissedal, inviterer til dialogmøte om naturforvaltning i kommunane.
Konferansier er forfattar og føredragshaldar Thor Gotaas, som har eit ope fordrag om norsk skihistorie på føremiddagen.
Målsettinga med møtet å starte ein dialog om naturforvaltning i kommunane og belyse ulike problemstillingar knytt til dette.
Program:
Innleiing til kvelden ved Thor Gotaas
Grunneigar sine rettar og allemannsretten
- Med Sigurd A. Svalestad frå Statsforvaltaren og Geir Henning Wågsnes frå Friluftsrådet sør
Pause med servering av bakst og kaffe
Viltforvaltning
- Med Ole B. Bårnes frå Telemark fylkeskommune
Paneldebatt om naturforvaltning med utgangspunkt i desse spørsmåla:
-
-
- Kor er det ønska med turisme, og kva type turisme?
- Korleis kan flest mogleg leve godt med bruk av utmark og friluftsliv?
- Tilrettelegging av naturen
- Informasjon og kanaler
-
Arrangementet er gratis.
–
Arrangørar:
Drangedal kommune
Driv
Nissedal kommune
Lyft Nissedal
